Skip to main content
 

YTF-undersøking: Berre éin av fem utanlandske sjåførar får norsk minstelønn

25. april 2026

Få utanlandske lastebilsjåførar får betalt den lønna dei har krav på når dei køyrer i Noreg. Utviklinga har gått feil veg, viser ei ny undersøking.

– Risikoen er nesten null. Det er det som er trist, for her kunne vi gitt gebyr, seier forbundsleiar Trude Sande i Yrkestrafikkforbundet (YTF) om risikoen for å bli oppdaga med ulovleg låg lønn på norske vegar.

I sommar deltok 380 utanlandske lastebilsjåførar i ei lønnsundersøking på Svinesund. Nå legg YTF fram resultata.

Dei viser at dei dårlegast betalte sjåførane tener heilt ned i 9000 kroner per månad. Det er langt unna lovpålagd minstelønn på 239 kroner timen.

Myndigheitene erkjenner at bransjen slit. Statssekretær Line Eldring i Arbeidsdepartementet seier til NRK at alle utsende sjåførar har rett på minstelønn.

– YTF si undersøking viser at det framleis er ein lang veg å gå, uttaler Eldring.

YTF-leder Sande meiner låg lønn for utanlandske sjåførar har pressa heile bransjen.

Lastebileigarforbundet er også bekymra over funna i undersøkinga.

– Det betyr at dei har ein konkurransefordel, at dei kan køyre med lågare kostnader og tilby lågare prisar enn det medlemsbedriftene våre kan, seier Kristian Bjerke, regionsjef for Østfold, Oslo og Akershus.

Nyhet