Utdrag fra kommentaren:
– Ingen gir frå seg løna friviljug. Somme gonger er det kombinert med ulike formar for press, tvang eller direkte vald. Vi i Fair Play Bygg ser mange lønstjuverisaker som er i grenselandet mot tvangsarbeid og menneskehandel. Folk blir rekruttert frå fattige område til arbeid i Noreg, dei blir avhengige av sjefen, som også ofte er husvert.
– Å stela har alltid vore ulovleg, men forbodet mot å stela løn kom først i 2022.
– Fair Play Bygg Oslo og omegn varslar om hundrevis av saker med a-krim i året. Så langt i 2026 har vi rapportert om 180 saker om kriminalitet i næringslivet. I ein av tre av desse sakene ser vi lønstjuveri.