Skip to main content
 

Held tilbake millionbeløp etter bygging av sjukehuset på Hjelset

01. oktober 2026

Påstandar om sosial dumping hos ein underleverandør gjer at Sykehusbygg og hovudentreprenøren Hent i lang tid har halde tilbake to millionar kroner etter bygginga av Nordmøre og Romsdal sitt nye sjukehus på Hjelset. 

Det har blitt inngått rettsleg forlik med semje om at Hent betalar deler av summen på vilkår. Leiinga i selskapet skriv til Rbnett at forliket ikkje inneber at dei vedgår noko ansvar.

Men Sykehusbygg held framleis pengane tilbake. Assisterande direktør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal seier dei ikkje betalar før det er dokumentert at arbeidarane har fått det dei har krav på.

Nyhet