Skip to main content
 

Fekk utgreiing om erfaringane med EØS

11. april 2024

Regjeringa utnemnde i mai 2022 eit utval som fekk i oppdrag å vurdere erfaringane frå EØS-avtalen og andre avtalar Noreg har hatt med EU dei siste ti åra. I dag blei EØS-utgreiinga, i form av ei offentleg utgreiing (NOU) overlevert til utanriksminister Espen Barth Eide.

– EØS-avtalen har tent Noreg godt i 30 år. Utgreiinga viser tydeleg at EØS-avtalen gir Noreg, norsk næringsliv og norske borgarar fordelar som andre og mindre forpliktande avtalar ikkje vil gi, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Utgreiinga inneheld ei rekkje konkrete tilrådingar om korleis Noreg bør forvalte avtalen og gripe moglegheitene EØS-avtalen gir.

– Rapporten kjem på eit viktig tidspunkt. Verda, Europa og Norden er i ei brytningstid, samtidig som utviklinga i EU går stadig raskare. No skal vi gå gjennom tilrådingane frå utvalet for å sikre at vi varetek norske interesser på ein best mogleg måte innanfor EØS-avtalen, seier utanriksministeren.

Nyhet