Skip to main content
 

Etter tre månader utan inntekt, kan polske Ryszard endeleg få korona-lønna inn på konto

22. april 2021

Utanlandske arbeidarar som ikkje kjem seg på jobb i Norga på grunn av innreiserestriksjonar får kompensasjon. – Fellesforbundet forventar lynrask behandling av søknadene, seier Jørn Eggum. – Polske arbeidstakarar bør hugse forbundet sin innsats, meiner verftsarbeidar Ryszard Jankowski.

Stranda heime i Polen saman med kona og dottera, er verftsarbeidar Ryszard Jankowski (44) takksam for at ordninga endeleg er klar. Han har måtta pådra seg gjeld for å betale rekningane, sjølv om han har betalt skatt og avgifter gjennom jobben i Solidenergy AS.

– Den økonomiske støtta vil hjelpe oss med å overleve denne vanskelege tida av pandemien. Eg er overbevist om at arbeidet til Fellesforbundet har påverka tiltaket frå regjeringa, seier Jankowski.

Les hele saken: Etter tre månader utan inntekt, kan polske Ryszard endeleg få korona-lønna inn på konto (FriFagbevegelse, 22.04.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet

Mer om tema