Skip to main content
 

Utanlandsk arbeidskraft har overtatt i egnebuene

17. februar 2026

Jolanta Gudiniene og Ema Gečaite frå Litauen sørger for agn på kroken for linefartøyet «Berlevågjenta». UiT-professor seier norske kvinner enten har flytta frå fiskeværa eller har funne seg anna arbeid.

Både Gudiniene og Gečaite bur til vanleg i Mažeikiai i Litauen og pendlar mellom heimbyen og Berlevåg. Gudiniene legg ikkje skjul på at lineegning er eit einsformig arbeid, men ho synest det er greitt.

Før i tida var det kvinner med lokal bakgrunn som dominerte i egnebuene. Det gjer dei ikkje lenger. Det er fleire forklaringar på det, seier professor Marit Aure ved UiT Norges arktiske universitet.

– Det har vore ei uttynning og utflytting frå fiskeværa av personar i arbeidsfør alder. Veldig mange kvinner jobbar no i andre næringar eller sektorar, eller dei har flytta. Dei utanlandske innbyggarane er jo ein viktig del av samfunna og dei utfører arbeidet som er tilgjengeleg for dei.

Aure seier også at pendling kan vere ei god løysing for mange, fordi lønna dei får i Noreg gjer det mogleg å ha eit godt liv i heimlandet.

Nyhet

Relaterte nyheter

Mer om tema