Skip to main content
 

Tok ein «spansk ein» for å løyse sjukepleiarkrisa

01. november 2022

Kommuneleiinga kallar det ein «boost» at dei har fått tak i sjukepleiarar frå Spania. – Uetisk, seier Sjukepleiarforbundet.

Noreg manglar rundt 6.000 sjukepleiar. I 2035 kan talet vere oppe i 20.000, viser tal frå SSB.

Industrikommunen Høyanger i Vestland, med rundt 4.000 innbyggarar, har dei siste åra forsøkt «alt». Kommunen har mellom anna lokka sjukepleiarstudentar med 150.000 kroner, utan å lukkast.

Men i år fekk kommunalsjefen napp. Løysinga var ein premie på rundt 100.000 kroner til eit rekrutteringsbyrå for kvar sjukepleiar dei tilset, som eit eingongsbeløp. Stillingane er faste.I tillegg har kommunen klart å få tak i fem andre sjukepleiarar frå Noreg.

Men Norsk Sykepleierforbund er kritisk til måten dette blir gjort på og kallar han «uetisk».

– Det er ein global sjukepleiarmangel, også i Spania. Vi er eit rikt land som må klare å utdanne og behalde sjukepleiarar sjølv, seier leiar Lill Sverresdatter Larsen.

Les hele saken: Tok ein «spansk ein» for å løyse sjukepleiarkrisa (NRK Vestland, 01.11.22)

Se også innslaget: Sykepleiermangel (NRK Dagsrevyen, 01.11.22)

 
Nyhet