Skip to main content
 

Strammar grepet mot livsfarlege vogntog

01. oktober 2023

Usikra last. Lause stroppar. Slitne bremseskiver. Eit nytt forslag går etter selskapa, ikkje berre sjåførane.

Kontorsjef Øyvind Grotterød i Statens vegvesen har mannskap som dagleg stoggar vogntog med alvorlege feil og manglar.

Kontrollørar har snakka med sjåførar som fortel at dei hentar vogna på ein eller annan kai i Europa, og at dei då berre får beskjed om å kopla til. Hengarane er ofte plomberte. Dermed får ikkje sjåføren sjekka kva som er inni.

– Vi har skrekkeksempel på at lasta ligg heilt laust. Diverre går dette utover sjåføren åleine.

– Dette er eit steg i riktig retning, seier leiar Jan Arne Laberget i Yrkestrafikkforbundet Logistikk.

– Dei seriøse aktørane vinn fram med denne lovendringa. Dei brukar pengane det kostar å ha alt i orden. Dette lukar ut dei useriøse transportselskapa.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) seier lovforslaget vil gje auka tryggleik til sjåførane, og bidra til meir trafikksikre transportar.

Nyhet