Skip to main content
 

Spørsmål om tiltak for å forenkle rekruttering av arbeidstakarar frå tredjeland

20. november 2023

I eit skriftlig spørsmål til arbeids- og inkluderingsministeren, spør Alfred Jens Bjørlo (V) kva konkrete tiltak regjeringa vil setje inn for å korte ned sakshandsamingstida og gjere det enklare for bedrifter å rekruttere arbeidstakararar frå land utanfor EU/EØS-området.

Bakgrunnen er at den stadig meir krevjande situasjonen knytt til rekruttering av personell utanfor EU var eit viktig tema under eit nyleg kontaktmøte mellom stortingsbenken frå Hordaland/Sogn og Fjordane og NHO Vestland.

Bjørlo skriv at det til dømes i hotellnæringa er lang ventetid for å levere sakspapir til politiet, lang behandlingstid når politiet har sendt søknaden vidare til UDI, og ein lang prosess for at arbeidstakaren skal få opphaldsløyve.

Prosessen blir derfor uhaldbar for mange bedrifter, særleg innanfor sesongbaserte næringar som reiselivet.

Danmark har klart å effektivisere sitt system, slik at samla prosess ikkje tar meir enn 14 dagar. Prosessen er også raskare for sesongarbeidarar i det norske landbruket.

Nyhet