Utdrag fra lederen:
– Vi har konsentrert oss om bransjer som har utenlandske arbeidstakere. Det er en gruppe som er sårbar og ofte utsatt for sosial dumping, sa seksjonsleder Øystein Andersen ved Arbeidstilsynets avdeling for arbeidslivskriminalitet.
Diverre gjorde dei triste funn – av brannfarlege og kummerlege butilhøve, men ikkje mange stader. Truleg er det meir å finne om dei leitar vidare.
Den private bustadmarknaden er beintøff.
Noko av løysinga kan vera å legge større ansvar på arbeidsgivarar. Om ein ikkje har ordentleg bustad til tilsette, kan ein ikkje ha dei i arbeid.
Men for fleire i innbyggjargruppa Arbeidstilsynet sette lys på i desember ser verda annleis ut. Trass i dårlege og tronge buforhold gjer dei det dei kan for å bli, sidan tilhøva i heimlandet er verre.
Når lokale styresmakter kastar folk ut av ulovlege naust og brakker, kvar blir dei av då?