Skip to main content
 

Politiet slår til mot useriøse reiselivsaktørar i Lofoten

12. november 2025

Eit spansk selskap har fått bot for å ha køyrt rundt på turistar ulovleg. Reiselivssjef seier at useriøse reiselivsaktørar er eit aukande problem.

A-krimsenteret i Nordland har også informasjon om at ein god del av slike utanlandske reiselivsaktørar køyrer rundt i Lofoten utan løyve for å drive med persontransport. Dei har no ei satsing inn mot reiselivet, i samarbeid med A-krimsentera i Troms og Finnmark, og kontrollerer om aktørane følger lovar og reglar.

Sidan selskapa ikkje er registrert i Noreg, betalar dei heller ikkje skatt, og det gjer det vanskeleg å følge med på om dei følger arbeidsmiljølova.

– Om du er uregistrert, så har du sannsynlegvis heller ikkje stell på arbeidskontraktar og det å registrere inn arbeidstimar på tilsette, seier leiaren for A-krimsenteret i Nordland, Kurt Jacobsen.

– Så det er ikkje utenkeleg at ein del av desse verksemdene også har dårlegare lønn og arbeidsvilkår for sine tilsette enn norskregistrerte firma, og at dei opererer på utsida av regelverket i forhold til arbeidsmiljølova.

Nøyaktig kor mange verksemder dette gjeld, og kor utbreidd problemet med uregistrerte reiselivsaktørar er, veit ikkje Jacobsen, men det er noko dei jobbar med å finne ut av.

Nyhet