Skip to main content
 

På møbelfabrikken Ekornes jobbar det folk frå 40 ulike land

23. februar 2026

Ekornes har aktivt rekruttert arbeidarar med utanlandsk bakgrunn og har tilsette frå over 40 ulike nasjonalitetar. Fabrikksjef Kariann Sandvik meiner mangfaldet berikar arbeidsmiljøet og er avgjerande for å halde liv i industrien i ein liten kommune.

– Vi bur i ein kommune med 7500 innbyggarar, og vi er 800 tilsette på Ekornes. Vi er avhengige av tilsig og tilkomst av ressursar, seier ho.

På fabrikken har så mange som kvar femte arbeidar utanlandsk bakgrunn,

Arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng besøkte møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven på Sunnmøre for å lære om deira integreringsarbeid.

Fabrikksjef Kariann Sandvik gav nokre råd om kva regjeringa bør gjere for å lukkast i integreringsstrategien sin.

– Det viktigaste vi snakka om, var språktrening. Å få støtte til språktrening og komme seg fort i praksis, fortel ho.

I tillegg peiker ho på at bedriftene bør ha ei mentorordning.

Nyhet

Relaterte nyheter

Mer om tema