Skip to main content
 

Ny lovfesta minstelønn kjem ikkje før tidlegast i mai

19. mars 2021

Norge har ingen lovfesta minstelønn for alle arbeidstakarar, men innannfor ni bransjer er minstelønna i tariffavtala såkalla allmenngjort. Grunna seine lønnsoppgjer i fjor på grunna av koronapandemien, blir den lovfesta minstelønna i ni bransjar vedtatt seinare enn vanleg.

Grunnen til at den nye minstelønna enno ikkje er vedteken, fleire månader seinare enn vanleg, er at fjorårets hovudoppgjer som skulle starte i mars, vart utsette til august på grunn av koronapandemien.

Mens tilsette i bedrifter med tariffavtale fekk etterbetalt lønnstillegga sine frå 1. april i fjor, kan ikkje den lovfesta minstelønna gjelde før etter at tariffoppgjera er ferdig og nye forskrifter har trådd i kraft.

Allemenngjeringslova skal sikre at arbeidsinnvandrarar har norske lønn- og arbeidsvilkår, og at dei norske vilkåra ikkje blir dårlegare som følge av konkurransen frå utanlandsk arbeidskraft. Den vart for første gong tatt i bruk før austuvidinga av EU frå 2004, og gjeld i dag innanfor ni bransjar.

Les hele saka: Ny lovfesta minstelønn kjem ikkje før tidlegast i mai (FriFagbevegelse, 19.03.21)

Relaterte temaer

 
Nyhet