No er det vedtatt korleis Møre og Romsdal fylkeskommune skal arbeide vidare for eit seriøst arbeidsliv. Fylkeskommunen vil gjennom Møre og Romsdal-modellen stille krav utover det som er lovpålagt.
Møre og Romsdal fylkeskommune har, som offentleg oppdragsgivar, eit særskilt ansvar for å arbeide for eit seriøst arbeidsliv og mot arbeidslivskriminalitet og gjennom dette motvirke sosial dumping. Gjennom lov om offentlege anskaffingar er fylkeskommunen pålagt å stille krav i enkelte kontraktar. Både å stille krav til løn- og arbeidsvilkår og følgje desse opp gjennom nødvendig kontroll, men og å stille krav til lærlingar, skatteattest og avgrense ledd underleverandørar.