Skip to main content
 

LO-sjefen tornar mot verfta: – Det er slaveliknande kontraktar

04. mai 2022

LO og Fellesforbundet reagerer kraftig på arbeidsforholda ved norske skipsverft. Arbeidsministeren varslar storreingjering i arbeidslivet. Over sommaren kjem ein handlingsplan mot sosial dumping.

I går offentleggjorde Arbeidstilsynet, Politiet og Skatteetaten resultata av «Operasjon verft» – eit to år langt tilsynsarbeid ved verft i Møre og Romsdal.

– Det er slaveliknande kontraktar. Det er fullstendig uakseptabelt at vi har det slik i Noreg. Leiar i LO, Peggy Hessen Følsvik, omtalar rapporten om arbeidsforholda ved åtte verft som sjokkerande lesing.

Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, besøkte verftet berre ei dryg veke før Arbeidstilsynet slo til. Han seier dei tillitsvalde på verftet då var skeptiske til lønn, arbeidsvilkår og buforholda til dei innleigde arbeidarane.

Følsvik og Eggum etterlyser strengare reglar for innleige av arbeidskraft.

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) seier regjeringa vil stramme inn regelverket. Eitt av tiltaka er skjerpa reglar for å sikre at arbeidarar i hovudsak skal vere tilsett i den bedrifta der dei jobbar, ikkje innleigde frå underleverandørar.

Les hele saken: LO-sjefen tornar mot verfta: – Det er slaveliknande kontraktar (NRK Møre og Romsdal, 04.05.22)

 
Nyhet