– Stenginga av grensa tok levebrødet frå meg og mange av kollegaene mine. No pådrar eg meg gjeld fordi eg ikkje kjem inn i Norge, fortel Ryszard.
– Eg jobbar lovleg i Norge, betaler skatt, og likevel har den norske staten latt oss stå utan hjelp, seier Fellesforbundet-medlemmet.
Polakken har jobba på ei rekke verft på Vestlandet dei siste 13 åra, og no skulle han vore på jobb hos Aibel i Haugesund.
Vanlegvis jobbar han 14 dagar i Norge, før han er 21 dagar heime med kona og dottera i den vesle byen Niekłończyca. Under koronaen har han vore heile 24 dagar i Norge, sidan han må sitte 10 dagar i karantene.
No ber han fellesskapet om økonomisk støtte i form av kompensasjon for tapt arbeidsinntekt, sånn andre skattebetalande arbeidsfolk har fått frå den norske staten under koronaen. Det krev også LO.
Les hele saken: Polske Ryszard har jobba i Norge i 13 år, men står utan inntekt når grensa er stengd (FriFagbevegelse, 26.02.21)
Relaterte temaer