– Det er urettferdig at nordmenn skal få betre betalt når vi gjer den same jobben. Vi plukkar også mykje raskare fordi vi har jobba over mange sesongar. Det har ikkje nordmennene, seier den polske bærplukkaren Mateusz Sak Maziarz.
Avdelingsdirektør i Nav Vestland, Frode Storvik, forsvarar ordninga og seier at ho allereie har freista fleire nordmenn ut i åkeren. I likskap med landbruks- og matministeren peiker han på at tariffbetalinga i bærbransjen er vesentleg lågare enn det dei permitterte har i løn til vanleg. – Norsk arbeidskraft som går over i bærbransjen skal ikkje tape på å jobbe der, seier Storvik.
Les hele saken: Staten vil betale nordmenn dobbelt for å plukke bær (NRK Vestland, 23.05.20)
Relaterte temaer