Utdrag fra innlegget til Knut Aastad Bråten:
Eg kjem ifrå eit småbruk og bur i dag på ein gard med kjøtproduksjon. Eg interesser meg for bonden, sjølvsagt, slik eg òg tørstar etter å forstå og lese om kvardagsutfordringar og fenomen elles i distrikta, eller forteljingar som ikkje alltid løfter bygda – men som ser kritisk på gamle strukturar og fenomen.
Eg saknar òg bondestemmer som går imot straumen, og som tenkjer annleis. Finst det verkeleg ingen bønder i landet som er for EU?
Integrering er viktig for busetting i bygdene. Likevel står det påfallande lite om flyktningar og arbeidsinnvandring. Dei fleste flyktningar og asylsøkjarar kjem fyrst til ein utkantkommune, før dei dreg vidare. Arbeidsinnvandring er viktig for sysselsettinga i landbruket. Vi har 18.000 arbeidsinnvandrarar, les eg i ein artikkel på forsking.no frå 2025. Er ikkje dei viktige i forteljinga om bygda?