– Vi har sett at det er ein bransje med høg risiko for helseskadar og utfordringar med useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, seier Cathrine Prahl Reusch.
Ho er seksjonsleiar i nasjonal seksjon a-krim i Arbeidstilsynet. Ho forklarer at ordninga blei innført i 2022. Det er ikkje straffbart å bruke ei bedrift som ikkje er godkjent.
– Men i verste fall kan ein bidra til at det blir meir sosial dumping og endå meir arbeidslivskriminalitet innanfor denne delen av bransjen.
Arbeidstilsynet sjekkar at bedriftene følger lova.
Sidan nyttår 2024 har dei vore på tilsyn hos 259 bedrifter som tilbyr hjulskift. Dei fann lovbrot i 86 prosent av sakene. Vanlege funn er manglande godkjenning, manglande arbeidskontraktar og ulovleg lange dagar.
– Det beste ein kan gjere, er å forsikre seg om at verksemdene ein bruker er godkjent, seier Reush.