I februar melde historikar Henrik Olav Mathiesen Det teologiske fakultetet (TF) til politiet for lønnstjuveri. No kan saka enda opp i Forliksrådet, opplyser tillitsvald Caroline Hals i NTL ved UiO.
Fafo-forsker Synnøve Økland Jahnsen understrekar at omgrepet lønnstjuveri, som Mathiesen brukar, viser til eit forhold som er regulert i straffelova, og at dette er noko politiet i utgangspunktet kan etterforska.
Ho har forska på bruken av bestemmelsen om lønnstjuveri frå 2022 til og fram til i dag. Tala ho har henta inn, viser at det er frå 150 til 175 saker i løpet av året.
Jahnsen understrekar at talet på politimelde saker ikkje gir eit fullgodt bilete av omfanget av lønnstjuveri.
– Me må rekna med at det reelle omfanget er høgare enn det tala over politimelde saker indikerer, og at det finst store mørketal, seier ho.
– I sivile saker står den enkelte i stor grad åleine med risikoen og belastninga ved å forfølgja kravet sitt. Henrik Olav Mathiesen er med i ei fagforeining, og er dermed betre stilt enn mange andre arbeidstakarar i tilsvarande situasjonar, meiner ho.
– Forslaget om ein eigen paragraf om lønnstjuveri kom etter press frå fagrørsla. Målet var å styrkja vernet av særleg utsette arbeidstakarar i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Ho understrekar at effekten av forbodet ikkje først og fremst må målast i talet på dommar.
– Forbodet handlar også om trugsmålet om straff og om å forskyva noko av maktbalansen mellom arbeidstakar og arbeidsgivar, presiserer ho.