Skip to main content
 

Fleire bygg- og anleggsfirma i Sogn og Fjordane slit med rekruttering

15. august 2019

Det viser dei nyaste tala frå NAV. – Reglar for å leige inn arbeidskraft frå bemanningsbyrå har vorte stramma inn, så det gjer det vanskelegare. Samtidig så er det færre ungdomar som vel yrkesfag på vidaregåande, seier Finn Ove Øen i entreprenørselskapet Åsen og Øvrelid.

Frode Henden i Nav Vestland fortel at fråflytting er eit stort problem i Sogn og Fjordane, og det blir ikkje kompensert med tilflytting. – Det er arbeidsinnvandringa til fylket som har redda oss dei siste ti åra, både med tanke på arbeidskraft og innbyggjartal. Henden fortel at arbeidsinnvandringa til Sogn og Fjordane er den svakaste på veldig lenge.

Les hele saken Har massevis av jobbar – manglar folk (NRK Sogn og Fjordane, 15.08.19)

 
Nyhet