Skip to main content
 

Debatt om bearbeidingsutvalgets anbefalinger

13. november 2022

Ask Økland i Pelagisk Forening er kritisk til bearibeidingsutvalgets forslag om at «Arbeidsmiljøloven bør tilpasses sesongpreget i sjømatindustrien, med målrettede unntak fra arbeidstidsordningene i høysesong.» 

– Det er trist at Økland ikkje ser at vi har ein fiskeindustri, som i verdsklasse klarer å tilpasse seg sesongar og enorme kvantum på kort tid, svarer Kristin Alnes, fagsjef industri og handel, Sjømat Norge.

Bearbeidingsutvalget burde lytta til Michael Jackson. – Utvalet har sjølvsagt forstått at lønsnivået, og arbeidsmiljølova, i Noreg ikkje er eit konkurransefortrinn. Utvalet foreslår difor at «Arbeidsmiljøloven bør tilpasses sesongpreget i sjømatindustrien, med målrettede unntak fra arbeidstidsordningene i høysesong.» Altså skal arbeidarane måtta jobba lengre dagar, og i lengre periodar, enn kva som er lov i dag. Utvalet veit sjølvsagt at det er allmenngjort tariffavtale i fiskeindustrien. Altså i røynda minsteløn. Ein kan spørja seg om utvalet i røynda vil ha lågtlønte arbeidarar som ikkje har råd til å takka nei når industrien kallar. Er det slik Noreg vil ha det? spør Ask Økland. (Fiskeribladet, 06.11.22)

Bearbeiding heng saman med fiskeripolitiske rammevilkår. – Økland hevdar at ein allmenngjort tariffavtale i røynda er ei minsteløn. Ei allmenngjering av tariffavtalen er eit viktig steg for å sikre like og gode rammevilkår for arbeidarane, uavhengig av kva bedrift dei arbeider i. Fiskeindustrien må innrette seg etter når fiskarane vel å lande fisken sin. Det er trist at Økland ikkje ser at vi har ein fiskeindustri, som i verdsklasse klarer å tilpasse seg sesongar og enorme kvantum på kort tid, skriver Kristin Alnes, fagsjef industri og handel, Sjømat Norge.

Les også saken: Fiskeri- og havministeren mottok ny rapport om bearbeiding av sjømat (Nærings- og fiskeridepartementet, 08.03.22)

 
Nyhet