Les dommen i Borgarting lagrett, 02.01.2026 (Lovdata)
Utdrag fra innlegget til Lars Mamen:
Fair Play Bygg kjenner saka. Ein mann frå Nord-Afrika kom til oss med informasjon om at han hadde arbeidd i reingjeringsfirma som «flyttemann» utan å få løn.
Det var mange andre i same situasjon. Vi undersøkte saka.(…) Vi varsla om lønstjuveriet til politiet og sette arbeidstakarane i kontakt med advokat. Politiet opna etterforsking og det vart tatt ut tiltale for lønstjuveri mot 13 tilsette for 465 457 kroner.
Felles for arbeidstakarane var at dei hadde lite nettverk i Noreg, svake kunnskapar i norsk og var i ein prekær økonomisk situasjon. Dei laut ta arbeid der det var å finne. Sike forhold skapar «kjøpars marknad» på arbeidsmarknaden.
Eg meiner straffa lagmannsretten har sett er for låg. Dette lønstjuveriet er svært grovt på grunn av at dei tilsette var i vanskelege situasjonar.
Fem månader fengsel for å ta livsgrunnlaget frå (minst) 13 arbeidstakarar, bryte ned tilliten i arbeidslivet, overta marknaden frå seriøse bedrifter og fortsette ein kriminell karriere ved å forslumme arbeidslivet, opplevast som for låg straff.
Eg meiner det vil vera bra om høgsterett får denne saka til vurdering og sett fastsett ei prinsippavgjersle for kor samfunnsskadeleg og dermed kor lang straff saker med grovt lønstjuveri skal gje.