Jordbruk, skogbruk og fiske er næringane som løner arbeidsinnvandrarane frå EU-land i Aust-Europa lågast jamført med norske arbeidstakarar. Fafo-forskar Jon Horgen Friberg seier inntektsgapet mellom arbeidsinnvandrarar og norske arbeidstakarar generelt sett er mindre i låginntektsgrupper enn i høginntektsgrupper.