Skip to main content
 

Nye reglar og fleire krav til seriøsitet i varebilbransjen

22. desember 2025

Frå nyttår må dei som driv transport med varebil mot betaling ha løyve, og sjåførar og medhjelparar må ha HMS-kort. Målet er ein trygg og seriøs bransje, og at det skal bli lettare å føre tilsyn og kontroll.

Begge krava gjeld særleg verksemder som fraktar varer til forbrukarar, til dømes kvitevarer, møblar, ved eller matlevering. Varetransportbransjen har hatt få reguleringar, og delar av bransjen har store utfordringar med dårlege arbeidsforhold, useriøsitet og kriminalitet.

– Vi skal ha ei trygg og seriøs transportnæring med gode lønns- og arbeidsvilkår. Desse endringane kjem den seriøse delen av bransjen til gode. Løyvekravet har som mål å fremje like konkurransevilkår og seriøsitet i bransjen. Vi stiller klare og tydelege krav til heile transportnæringa og til at aktørane skal ha ting på stell når dei er ute på vegane våre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Dei to nye endringane er oppfølging av tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping i transportsektoren. Regjeringa held fram med å følgje opp handlingsplanen, og vil innføre nye krav for nasjonal godstransport med varebilar frå 2,5 til 3,5 tonn. Frå 1. juli 2026 foreslår regjeringa at det blir krav om både køyre- og kviletid og fartsskrivar. Forslaget er ute på høyring.

Nyhet