Skip to main content
 

Skriftlig spørsmål til justis- og beredskapsministeren

25. april 2024

Birgit Oline Kjerstad (SV) spør justis- og beredskapsministeren om arbeidet med ei ny forskrift som sikrar at alle som oppheld seg i landet får ein gyldig elektronisk ID som gir tilgang til grunnleggande tenester dei har rett på i Norge.

Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag til nye regler i forskrift om Pass og ID -forskrift på høyring i mars 2022. Kjerstad spør korleis går det med arbeidet.

Norge er i ferd med å bli eit heildigitalt samfunn. Utan e-ID er det vanskeleg å få tenester ein har rett på, og å utføre daglegdagse gjeremål som å ha ein bankkonto, betale ei rekning, kjøpe ein billett, eller få kjøpe livsnødvendig medisin på eit apotek.

Samtidig veks det fram eit digitalt utanforskap som fører til store praktiske hindringar i kvardagen for mange.

– Til dømes oppheld det seg opp mot 200 000 arbeidsinnvandrarar frå EØS land med d- nummer utan e-ID med biometrisk kobling i Norge. Mange av desse opplever store praktiske vanskar i kvardagen på grunn av digitalt utanforskap. Desse er svært sårbare og utsette for å bli offer for arbeidslivskriminalitet med lønstjuveri og svindel med ID, skriv Kjerstad.

Nyhet